GHK banka serieleiaren!
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2014
Det var venta ein tøff kamp for GHK i dagens møte med serieleiar Bjørnar 2 i herrane sin 3.div. I staden vart det ein "kattens leik med musa" kamp, då Bjørnar av ulike grunnar kun stilte med 6 mann til kamp. Etter å ha leia 17-7 til pause, kunne GHK gutane "cruise" inn til 31-16 siger.
Når inngongen til kampen vart som den vart, skal våre gutar ha honør for å halde konsentrasjonen opp, iallefall i fyrste omgong. I andre omgong var det ein jevn kamp, heilt til dei siste 10 min. Tempoet var også mykje dårlegare i andre omgong, slik at Bjørnar hang betre med lenge. Ellers var kampen ein orgie av brende 100% moglegheiter frå heimelaget sin del, så Bjørnar skal vere glad for at dei kun fekk 31 i sekken. Når det er sagt, synte våre gutar mykje fint spel gjennom heile kampen. Preben Indrebø har utvikla seg til å bli ein strekspelar av rang, og putta nye 6 mål i dag. Ørjan Sundal vert kampens toppskårar med 11 mål, der kun 1 er på straffe. Også hurtigtoget Runar H Åmot synte klasse med flotte mål frå kant, og Vegard Sælen synte fram skotarmen i periodar. Alt i alt ein grei gjennomført kamp frå ungkalvane.
Desse var med: Daniel H Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(11), Runar H Åmot(4), Vegard Sælen(2), Åsmund Sælen(2), Lauritz Bjørnareim(3), Preben Indrebø(6), Andreas Kissner, Hans Sande(3).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.