Fantastisk, jenter!!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2014
I ein "triller" av ein handballkamp i damene sin 3.div i Trivselshallen i kveld, kunne GHK gå jublande av bana etter å ha knekt NHHI iløpet av dei to siste minutta av kampen. Sluttresultatet vart 28-26 til GHK, etter at NHHI leia 17-15 til pause. Dagens spelar på heimelaget var lagkaptein Irene Slagstad, som drog dei andre med seg til ein formidabel laginnsats som resulterte i siger over tabelltoer og opprykksrival NHHI.
Status før kveldens kamp var at NHHI låg på andreplass med 16 poeng, medan GHK låg på fjerde med 13 poeng. GHK mangla i tillegg 3 sentrale spelarar av ulike grunnar, så utgongspunkt for poeng kunne vore betre.
Kampen starta i høgt tempo med vekslande leiing, men med GHK som det førande laget på bana. Flotte mål av Elise H Hansen, Eli-Anne Birkelund og Guro Tennefoss, gjorde at GHK heile tida hang godt med i kampen. I tillegg treff sjølvsagt toppskårar Ragnhild Ryssdal både frå distanse og på straffer. Likevel klarer NHHI, anført av sin storskårar Anne-Lise Akeberg med totalt 10 mål i kampen, å tilrive seg ei tomålsleiing fram mot pause(17-15)
Guro skårer frå strek
Andre omgong er mykje lik den første, lenge. NHHI klarer å halde seg frå 1 til 3 mål føre. Etter 15 min av andre omgong noterer vi oss ei flott kantskåring av Ingvild Slagstad som reduserer til 21-23. Også Elisabeth Vollstad Hansen skårer eit flott mål frå kant like etterpå. Irene Slagstad treff krysset, og Elise H Hansen kriger inn nok ei redusering. Når klokka runder 24 min utliknar Ragnhild på straffe til 25-25. I tillegg "herjer" evigunge Eli-Anne Birkelund på strek med fleire avgjerande skåringar når det koker som verst. Når det er to min att av kampen syner tavla 26-26. Så skårar Ingvild Slagstad nydeleg frå kant, før Rita Monteiro redder ein 100% sjangse frå NHHI, som igjen fører til at Eli-Anne Birkelund kan punktere kampen frå strek.
GHK sin toppskårer, Ragnhild Ryssdal
Stor stemning i hallen etter kampslutt, og fortjent jubel til jentene som aldri slutta med å ha trua på siger. No er det to kampar igjen, og trua på opprykk lever i GHK leiren.
Desse var med på vinnarlaget: Rita Monteiro, Irene Slagstad(3), Elise H Hansen(5), Ragnhild Ryssdal(9), Elisabeth V Hansen(1), Ingvild Slagstad(2), Eli-Anne Birkelund(6), Lena Fossen, Guro Tennefoss(2), Amalie Mundal, Astrid Murer.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.