Kjempekamp av damelaget. Slo Bergen HK 29-17
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014
Damelaget i 3.divisjon var verkeleg i støtet i ettermiddagens kamp mot Bergen HK i Firdahallen. Etter ein solid førsteomgong kunne dei gå til pause med 16-7 leiing, og etter ein nesten like solid andreomgong synte sluttresultatet 29-17 til heimelaget.
Bergen HK kom frå to gode kampar mot topplaga Fyllingen og Os, så det var venta at dagens kamp kunne bli tøff å vinne. Men etter nokre mållause åpningsminutt, tok dagens GHK dame, Torill Henden Gaasø, tak i kampen og sette inn det første målet. Ho vart og GHK sin toppskårar i kampen med 7 mål. Etter det såg jentene våre seg ikkje tilbake. Torill, Amanda Veiteberg, Irene Slagstad og Elise H Hansen og dei andre hadde tydlegvis bestemt seg for at dette skulle vinnast. Med eit kanonforsvar og tempo i angrep, starta ballane å rulle inn i Bergen HK sitt mål. Bakerst sto Rita Monteiro ein fantomkamp, og synte keeperspel av høgste klasse. I andre omgong starta og Ragnhild Ryssdal å treffe mål, og med sine 5 mål hadde ho like mange som syster Kristine hos Bergen HK. Alt i alt ein strålande lagsiger for våre jenter der, som sagt, forsvarsspelet og tempoet imponerte oss storleg. Flott å sjå Amanda tilbake frå skade i god gamalt driv, og at desse jentene no liknar meir og meir på eit skikkeleg topplag i 3.divisjon.
Dagens spelar på heimelaget: Torill Henden Gaasø.
Desse var med: Rita Monteiro, Eli Kristin Arnestad, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(5), Ragnhild Ryssdal(5), Elisabeth V Hansen, Torill Henden Gaasø(7), Ingvild Slagstad(2), Lena Fossen, Guro Tennefoss(1), Solgunn Reed Lote, Amalie Mundal, Amanda Veiteberg(5).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.