2 GHK kampar på søndag

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Nov 2013

Denne helga er det 2 vanskelege bortekampar som ventar for 2 av GHK sine lag.  K4 damene tar turen til Sogndal, for å møte heimelaget der. G16 laget til Torbjørn Sælen skal over fjorden for å møte Eid/Haugen.  Begge kampar går på søndag.

I damene sin 4.divisjon er det kun 4 lag.  I tillegg til GHK og Sogndal, finn vi Eid og Florø. Denne helga skal altså dei nest beste damene våre til Sogndal.  Eit Sogndallag som har to sigrar så langt.  GHK har to tap, men syner framgong frå kamp til kamp. Den dagen trenar Ragnhild B Vederhus kan mønstre fullt lag, er vi nok på talefot med dei andre laga i divisjonen.

Gutelaget skal møte Eid/Haugen på Eid.  Våre gutar har overraska positivt så langt, med to sigrar og eit tap. Sist med braksiger 35-11 over Årdalstangen/Jotun.  Med det ligg laget på andreplass i serien. Eid/Haugen står utan poeng etter to kampar, men har truleg møtt dei to beste laga, Stryn og Florø. Her ligg det an til eit rivande lokaloppgjer, der dagsforma kan avgjere kven som stikk av med sigeren.

Vi ynskjer begge laga lukke til.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.