Kjempekamp av G18, trass tap
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Okt 2013
GHK sitt G18 lag og Kjøkkelvik spela ein svært underhaldane og god kamp, då dei møttes til kamp i juniorserien i Bøneshallen i ettermiddag. Sluttresultatet vart 22-20 til Kjøkkelvik. I første omgong var Kjøkkelvik det førande laget, og var ei stund oppe i ei 4 målsleiing. Men GHK gutane synte flott speleglede og kom tilbake og leiinga til Kjøkkelvik var berre med eit mål, 12-11 til pause. I andre omgong følgde laga kvarandre heile tida, og byta på å ha leiinga. Nokre tominutts utvisningar vart kostbare for GHK, og Kjøkkelvik drog sigeren i land, helit mot slutten. Runar Helland Åmot vart toppskårar med 6 mål, og synte seg frå ei svært god side.
Desse var med: Daniel, Joakim, Sander(1), Preben(3), Lauritz, Ørjan(4), Åsmund(1), Vegard(3), Mikael(2),Håvard, Magnus, Runar(6)
Ny kamp i morgon mot Fyllingen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.