To bortetap for herrane i 3. divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Okt 2013
I kampen mot Bjørnar 2 på laurdag var GHK gode i 40 minutt. I første omgong stod Daniel ein kanonkamp i buret, og gutane kunne gå til pause med tomålsleiing. I andre omgong hang ein også godt med i starten, før "rullegardina" gjekk ned og Bjørnar kunne cruise inn til sikker siger.
Kampen i dag mot Sotra 2, var litt i same gata som gårsdagens. Ein heng bra med totalt sett gjennom heile kampen, men slepp Sotra litt for lett til ved mange høve. Daniel gjer ein ny bra kamp i mål, og Ørjan vert toppskårar med 8 mål.
No må gutane legge desse kampane bak seg fortast råd er, og starte jakta på "den gode følelsen" frå tidlegare kampar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.