Vanskelege bortekampar til helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Okt 2013
To GHK lag skal ut i vanskelege bortekampar komande helg. Herrelaget i 3. divisjon skal til Bergen for å møte Bjørnar 2 og Sotra 2, medan vårt gode jente16 lag skal til Årdalstangen for å møte heimelaget der.
Girls 16!! Klarer dei å slå Jotun/Årdalstangen?
Herrelaget skal, på laurdag møte formlaget Bjørnar 2. Dette laget kjem frå to strake storsigrar og er venta å verta ei tøff utfordring for vårt unge lag. Men, som vi veit, klarer gutane våre å prestere på det nivået vi veit dei kan, kan alt skje. På søndag står Sotra sitt andrelag på motsatt banehalvdel. Kva vi kan forvente her er vanskeleg å spå, då Sotra 2 spelar sin første kamp for sesongen her. Normalt sett skulle dette vere ei overkomeleg oppgåve for Bjørn Roth sine menn.
Jente16 laget skal til Årdalstangen for å møte Jotun/Årdalstangen. Heimelaget har to sigrar av to mogelege, og vert ei hard nøtt for jentene våre. På den andre sida feia våre jenter Førde 2 av bana denne veka, og sjølvtillliten herifrå kan gje jentene eit løft inn mot denne kampen. Under leiing av Astrid Brinkman Murer, skal ein ikkje sjå vekk frå poeng her. Vi ynskjer begge laga lukke til, og lover å fylgje nøye med kva som skjer laurdag og søndag :)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.