Damelaget tapte jevn kamp
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2013
I dagens kamp mot NHHI, måtte damelaget sjå seg slegne 22-19 av studentlaget NHHI. Stillinga ved pause var 10-8. Etter gårsdagens nedsabling av Askøy, var det i dag ein heilt anna motstand på andre banehalvdel. To gode lag utkjempa ein tett og tøff kamp. Etter at NHHI kom best i gong, var GHK heile tida godt med og var i tomålsleiing fleire gonger i første omgong. Fram mot pause var det likevel NHHI som klarte å få ei tomålsleiing. I andre omgong drog studentlaget litt ifrå, og var på det meste oppe i seks måls leiing. Men GHK jentene samla seg og knappa inn fram mot kampslutt, utan at dei kom nermare enn tre mål. Alt i alt ein godkjend kamp av det unge laget vårt, og spesielt forsvarsmessig var vi gode. Irene Slagstad og Elise Heien Hansen stod fram som to bautaer, som ingen klarte å kome forbi. Det som må jobbast med framover er spel i etablert angrep. Her slit ein framleis med å få nok trykk mot mål. Men dette skal jobbast godt med komande veke, fram mot neste helgs heimekamp mot Årstad 2.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.