Pangstart av damelaget i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Sep 2013
GHK sitt damelag i 3.divisjon fekk ein pangstart på årets sesong, då dei kuste Askøy smått utrulege 32-8 i kveld. Stillinga til pause var 15-1!!!! GHK gjekk ut i hundre med feiande flott forsvarsspel, og lynhurtige kontringar. Askøy viste nok ikkje kva som traff dei, før det stod 5-0 i protokollen. Det gjekk heile 13 min før Askøy fekk sitt eine mål i denne omgongen, medan jentene våre skåra trytt og jevnt. Alle jentene var kollektivt gode i dag. Ingunn Reikvam Hansen vart kampens toppskårar med 8 mål, tett følgd av Amanda Veiteberg med 6 mål. I morgon er det ny kamp mot NHHI.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.