Grei avslutning av sesongen, trass tap mot Kjøkkelvik
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Apr 2013
Den lange bussturen til Bergen er ikkje akkurat god oppladning til kamp, og det såg ut som reisa sat i beina på våre spelarar frå start. Kjøkkelvik var heile tida litt føre i målprotokollen gjennom første omgong. I andre omgong kom GHK langt friskare på bana og var oppe i ei tomålsleiing midtveges. Runar Åmot briljerte frå kant med fleire flotte mål, og Osmund Vereide hadde flotte gjennombrot med påfølgande skåring. Bakover var det litt meir "ruskete" i dag, og Kjøkkelvik kom vel lett til utover i omgongen. Når ein i tillegg brenn tre straffer på rad, vart det til slutt ein grei heimesiger. Men som før sagt, kampen hadde ikkje noko å sei for utfallet av serien. Den har GHK vunne!!! Og til sjuande og sist, er det det viktigaste. Men kampen var ein grei "kickstart" på vegen mot Sparkvallik.
Desse var med: Daniel Reed, Olav Devik, Lauritz Bjørnereim(2), Åsmund Sælen(2), Osmund Vereide(3), Ørjan Sundal(6), Sander Nesdal, Vegard Sælen(1), Andreas Kissner(1), Runar Åmot(6), Odd Martin Hauge, Aleksander Moritsgård(3).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.