GHK sitt damelag i 3.div tapte i dag 26-22 for Gneist på bortebane i Bergen. Stillinga til pause var 16-10 til Gneist.
|
Nye 16 mål på desse to i dagens kamp. Marthe med 10 og Heidi med 6 mål. |
Frå Bergen får vi meldt om ein relativt jamn kamp rein spelemessig, men der litt for mykje bomskot av GHK vart avgjerande for sluttresultatet. Første omgong var prega av at GHK spelarane feila i avgjerande situasjonar, samt at Gneist var flinke til å gjera akkurat det motsatte. I andre omgong var faktisk kampbilde litt endra. GHK vann denne omgongen med to mål, takka vere at ein lukkast betre framover og at forsvaret og keeper tok betre hand om Gneist sine forsøk. Faktisk var ein oppe på 19-21, der ein hadde fleire forsøk på å koma opp på uavgjort. I staden var det Gneist som lukkast og kunne sikre sigeren. Trenar Kjell Aske seier i ein kommentar at dette var ein kamp med marginer litt imot, men at spelargruppa er positive og går mot morgondagens kamp med friskt mot. Målskårarar i dagens kamp var Marthe med 10 mål ( ho er verkeleg ein garantist for mange mål i alle kampar ho er med), Heidi (6), Torill(4), Ragnhild(1) og Ingrid G(1). Ny kamp mot Askøy i morgon