Bra spel i periodar, trass tap mot Eid for J15
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Des 2012
GHK sitt J15 lag tok i dag imot nabo Eid til kamp i Firdahallen. Periodevis syner desse jentene at det bur mykje handball i dei, og den dagen desse periodane vert lange skal dei bil vanskelege å slå. I dagens kamp vart det tap 15-24 mot Eid, etter 7-13 til pause.
Ingen "sure miner" frå denne gjengen etter kampen, trass tap |
Jentene til Jostein V Ryssdal har tatt store steg sidan første kampen i haust. No byrjar ein verkeleg å sjå kva som bur i kvar enkelt av dei. I periodar syner dei stor speleforståelse og spelar "ball i hatt" med motstandaren, men dett litt for langt ned i andre periodar. Viljen til å truge motstandaren sitt forsvar vert stadig større, og bakover ser ein òg ein tydeleg framgong.
Silje Iren Hole Hervik er ei av mange flotte talentfulle jenter på dette GHK laget. |
I dagens kamp mot Eid, var det i første rekke Eid sitt tvillingpar Cecilie og Helga Leivdal som var den store trusselen mot våre jenter. Dei to laga over halvparten av Eid sine mål, og var vanskelege å få tak på. På heimelaget var det mange som tok ansvar framover, og heile seks teikna seg på skåringslista. Best av desse var stortalentet Susan Solheim Gjærløv med 4 mål. Men både Solgunn, Linda og Frøydis var tett bak med 3 mål kvar. Det skal verta spanande å fylgja denne gjengen framover, for ein sit heile tida med følelsen av at når dei først "knekker koden" vert dette strålande.
Jostein med "pep talk" i pausen |
Med i dagens kamp: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Lote(3), Linda Årdal(3), Susann Solheim Gjærløv(4), Oda Eide, Silje Iren Hole Hervik(1), Frøydis Seime Øygard(3), Julie Varpe(1), Jennie Falck.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.