Stortap for K3 damene mot Voss
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Okt 2012
Det gjekk diverre ikkje vegen for damene våre i dagens heimekamp mot Voss. Til slutt kunne jublande Vossatauser gå av bana med ein solid 30-18 siger over eit tafatt heimelag. Stillinga ved pause var 16-9 til Voss.
Dagens GHK spelar Torill H Gaasø, prøver å stoppe ei Vossetaus. Bak Irene, Ingrid og Ingvild. (foto:Jan N Hansen)
Det var knytta visse forhåpningar til at heimelaget skulle kunne slå gjestane frå Voss i denne kampen. Men bortelaget tok tak i kampen frå start. Sakte men sikkert drog dei frå heimelaget og kunne gå til pause med ei komfortabel 16-9 leiing. Der det gjekk stang inn for Voss, gjekk det stang ut for GHK. Amanda Veiteberg var toppskårar for heimelaget med 4 mål. Prisen for dagens GHK spelar gjekk til Torill H Gaasø, som saman med Helene Sundal i mål, var dei mest positive i eit heller "bleikt" heimelag. Denne kampen må ein berre gløyme snarast råd er, og heller sjå fram mot neste kamp.
Desse var med: Benedikte, Helene, Ingrid(1), Ingunn(1), Heidi(3), Elise(3), Irene(1), Torill(3), Marte SE, Katrine, Ingvild(2), Amanda(4), Ragnhild, Elisabeth.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.