GHK på tredjeplass i regionsluttspelet for G16
Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Apr 2012
GHK sitt gutelag slo Eid/Haugen 23-20, men måtte gje tapt 20-31 for Bergens beste gutelag, Kjøkkelvik, under dagens sluttspel i Strynehallen. Dermed enda våre gutar på 3 plass i sluttspelet. Vinnar vart Kjøkkelvik 1, medan Kjøkkelvik 2 tok andreplassen.
Slitne gutar etter at tredjeplassen var i boks.
I dagens første kamp sleit våre gutar lenge med naboen over fjorden. Til slutt vart det likevel ein fin 23-20 siger, etter at GHK leia 12-10 til pause. Dei beste på GHK i denne kampen var Daniel i mål og Erlend på strek som netta 8 gonger. Ørjan hadde 6 mål, Osmund 3 og Laurits 2. Dag Håkon, Evald, Åsmund og Odd Martin hadde 1 kvar.
Stort sett kontroll mot Eid/Haugen
I dagens andre kamp var det aldri den store spaninga. GHK leia 1-0, men derifrå og ut handla det meste om Kjøkkelvik i første omgong. Dei hadde 2 mann, som tilsaman dundra 19 mål bak Daniel og Olav. Pauseresultat 15-7 til K. I andre omgong kom GHK langt betre med, men sigeren til Kjøkkelvik var aldri truga. Vegard Sælen skada seg i laurdagens kamp og var sårt sakna i dag, og når også Ørjan får raudt kort etter 3x2min, misser GHK mykje skotkraft. Erlend Ulvestad vert toppsårar også i denne kampen med 6 mål frå strek, medan Hans Sande har 4 flotte skåringar i denne kampen. Ellers har Laurits, Odd Martin og Mikael 2 mål kvar, medan Ørjan, Dag Håkon, Evald og Osmund har 1 kvar.
Ørjan mottar diplomet for 3.plassen av NHF sin representant Torleif Landa
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.