I morgon og på søndag, skal gutelaget til Stryn for å delta på regionssluttspelet. I morgon møter dei Kjøkkelvik 2, medan dei søndag skal møte både Eid/Haugen og Kjøkkelvik 1.
|
Kampklar gjeng som møter tøff motstand i helga. |
Gutelaget vårt har feia all motstand av bana(stort sett) i årets sesong og vart suveren vinnar av serien her i fylket. I morgon og søndag er det tid for å avgjere kven som er beste laget i regionen. Bergenslaget Kjøkkelvik vert nok ei hard nøtt for våre menn, men med full tenning er alt mogeleg. GHK stiller stort sett med fullt lag, men Vegard Sælen har slite med ei skade og er usikker. "Sjefsinnpiskar" Torbjørn er vekke denne helga, så det er kollega Gunnar Atle som skal få gutane til å yte max. Vi ynskjer lukke til i Stryn.