Kontinuitet i GHK styret
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Apr 2012
Under årsmøte i GHK i kveld, vart Øystein Sundal attvald som leiar for eit nytt år. Med seg får han mesteparten av det gamle styret, samt nokre nye.
Hege Roth-Andenæs hadde sagt frå seg attval etter mange år i styret, og i hennar stad kjem Ellen Skibenes frå økonominemnda over til styret. I tillegg er Ingrid Heien, Jonas Alander, Ragnhild Bruvoll og Bjørn Kåre Eikenes med vidare, og Magne Morritsgård er ny varamedlem.
Leiar i valnemnda, Laila Niiranen Henden, hadde gjort ein god jobb i forkant av årsmøtet, og alle tillitsverv var på plass utan problem i god tid, også økonominemnda, revisorar og ny valnemnd.
Årsmeldinga er prega av at GHK er ein klubb som fungerer godt i alle ledd. Sjølv om utgiftene har auka ein del siste året, har også inntektene auka tilsvarande. Klubben kjem ut med eit lite overskot i drifta, og har ein sunn økonomi.
Ellers var det eit roleg årsmøte utan dei store sakene til handsaming. Årsmeldinga finn du under:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.