Nytt tap for damelaget i 5.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2012
Heller ikkje i dagens bortekamp mot Vik lukkast det å vinne for damene våre. Trass mykje betre innsats i dagens kamp og 12-11 leiing til pause, måtte ein til slutt innsjå at Vikjatausene vann 26-22. Også i dagens kamp var dei mange personlege feila utslagsgivande for resultatet av kampen. Ettersom Sigrid Kissner vart skada i gårsdagens kamp mot Fjøra, steppa Eline Åsebø inn som strekspelar i dagens kamp. Ho var god både i forsvar og angrep, og var GHK sin beste spelar i dag. No er fokus retta mot neste helg og siste kamp i serien mot Sogndal 2. Komande veke skal dei personlege feila lukast vekk, og damene skal "gi jernet" i avslutningskampen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.