Internoppgjer enda med siger til Gloppen1
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Feb 2012
GHK1 - GHK2 24-16 (11-4)
Etter mykje fram og tilbake greidde vi endeleg å få spelt kampen som har vore flytta fram og tilbake i lansameleg tid.
Tett forsvar av dei "raude" GHK 16åringane. |
I starten av kampen vart det laga lite mål og det skuldast nok både gode keeperar og bra forsvarsspel, men begge laga slurva mykje i angrep.
Etterkvart festa G1 grepet og drog sakte og sikkert i frå. På slutten av omgangen skada Magnus Andre seg og måtte gå ut. Sidan dei ikkje hadde nokon å sette inn tok G1 ut ein spelar slik at dei vart like mange. Til pause leda G1 11-4.
Magnus Andrè spela ein stor andre omgong i dag. Her har han rive seg laus frå Vegard og Ørjan før han set ballen i mål. |
I pausen vart Magnus Andre oppteipa og klar til ny omgang, og for ein omgang han hadde. Her fekk han vist seg fram og hadde vel 100 % uttelling på sjangsane sine. Han er flink å sette sperre, flink å bevege seg i rom og flink å få tak i ball. Eit flott strektalent som vi må klare å utvikle framover.
Også Lauritz imponerte på backplass. Han spelar eigentleg ving, men idag måtte han spele back. 5 flotte mål vart det og han er byrja å få eit supert hoppskot. Ellers var det kjekt å sjå Hans tilbake på bana etter lang tids ryggplager. Det er no byrja å rette seg og han når kanskje slutten av sesongen.
På G1 var Åsmund god i dag og scorar mål i tillegg til å spele opp dei andre. Alt i alt ein grei dag på jobben for dei fleste, der begge lag spelte litt på halv maskin. Det var tydleg at to harde kampar i går og lite innbyttarar idag sette sitt preg på kampen.
G1: Daniel, Ørjan 7, Åsmund 5, Vegard 5, Odd Martin 4, Kissner 2, Peter 1.
G2: Olav, Lauritz 5, Magnus Andre 5, Mikael 2, Hans 2, Sander 1, Dag Håkon 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.