GHK sitt 15års jentelag tapte mot Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012
GHK sitt 15års jentelag tapte med 10 mål mot Stryn på heimebane i Firdahallen i dag. På førehand var det venta ein tøff kamp mot eit godt Strynelag. Stryn er ein av favorittane til å vinne denne serien, og hadde kontroll frå start til slutt og vann 23-13.
Sentrale jenter i dagens kamp. Elin, Elisabeth og Ragnhild med 3 mål kvar + fantomkeeper Solgunn |
Det var først og fremst i første omgong at Stryn la grunnlaget for sigeren. Dei leia då også med 10 mål til pause (14-4). Stryn gjekk rett opp i 3-0 leiing, før Amalie reduserte på straffe. Ragnhild følgde på med redusering til 2-4. Så starta Solgunn med fleire flott redningar, bl a ei straffe. Solgunn skulle også seinare i kampen syne at her har Gloppen eit stort keepertalent i emning. Det var likevel Stryn som drog ifrå utover i omgongen og leia 12-3 etter 20 min. Ayla finta seg fint gjennom frå kant og reduserte til 4-12, før Stryn fastsette pauseresultatet til 4-14. Det var Stryn sin nr 14 Lone Vik som var den store spelaren før pause og skåra heile 6 mål. Ho fortsette i andre omgong og vart kampen sin toppskårar med 10 mål totalt.
Ikkje lett å kome gjennom forsvaret til Stryn |
Andre omgong vart ei positiv oppleving for jentene våre. I denne omgongen held dei uavgjort mot det gode Strynelaget. Først og fremst var jentene våre mykje flinkare framover på bane med mange fine kombinasjonar som resulterte i flotte mål. Og bakerst stod Solgunn som ein levande vegg til tider. I tillegg til før omtala Lone Vik, var nok Solgunn kampens store profil.
Ein av kampens store profilar, Solgunn Alme |
Elisabeth og Elin skåra GHK sine første mål i andre omgong til stilling 6-15, før Stine Raad banka inn 7-15 og Ayla til 8-16. Ragnhild Ryssdal synte godt spel med eit flott gjennombrot til 10-19.
Alt i alt ein oppløftande kamp av dei unge jentene på GHK. Når dei får litt meir samtrening og erfaring, kjem desse jentene til å prege handballen framover. I dagens kamp mangla også strategen Ingvild Slagstad som er sjuk.
Desse var med: Solgunn Alme, Amalie E Mundal (1), Ayla M Seime (2), Elin Møll (3), Birte Eilander, Ragnhild Ryssdal (3), Eirhild B Alme, Benedikte G Lotsberg, Elisabeth V Hansen (3), Marita Veiesund, Stine Raad (1).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.