Trillerkamp då K5 damene slo Florø i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jan 2012
Det var stemning til tusen då sluttsignalet gjekk og K5 damene kunne sleppe jubelen laus etter å ha banka, til no ubesigra Florø med 21-18, etter at Florø leia 13-12 til pause.
Rein idrettsglede på sitt beste, etter dagens flotte siger over Florø |
Etter å ha tapt bortekampen i Florø med mange mål, var det eit revansjesugent heimelag som gjekk på bana i Firdahallen i ettermiddag. Det var tydeleg at tenningsnivået var høgt frå start av frå begge lag, og det vart mykje kjemping og heller lite finspel dei første 7-8 minutta. Temoet var høgt og jentene stod kanonbra i forsvar, men framover "lugga" det litt. Jenny Holvik synte fram venstreselgga si og banka inn 2-1 leiing, før Eline Åsebø hoppa inn frå kant etter 10 min og auka til 3-2. No var jentene i siget, og Tiril S Reed sprang inn 6-3 etter 15 minutt. I denne perioden stod også Benedikte Vederhus som ein levande vegg i mål og redda fleire gode skot frå Florødamene. Malene Støylen auka til 7-3, før Florø tok sin første "timeout". Malin Eikenes sette inn 10-5 på straffe, men så byrja Florø å finne ut av heimelaget. Gong på gong braut dei GHK sine angrep og køyrde kontra og sakte men sikkert vart heimelaget si leiing henta inn. På stillinga 12-12 rett før pause var heimelaget i angrep, men Florø snappa ballen på nytt og sette inn 12-13 i siste sekund.
Ikkje lett å finne rom i Florøforsvaret. |
Andre omgong starta som første, med høgt tempo, mykje kriging og lite mål. Etter 5.30 av andre omgong sette Sofie Djupegot inn 13-13 på straffe, før same dama gjenntok dette etter 9 minutt og GHK var i føringa. Dette var også stillinga etter halvspela andre omgong. Laga skåra kvar sin gang dei neste 5 minutta, før Malin Eikenes snappa eit utspel frå Florø si målvakt og auka til 16-14. Så får GHK starffe og Florø ein spelar utvist i 2 min. GHK brenn straffa og Florø kontrar inn 16-15 i undertal. Malene Støylen aukar til 17-15 og Florø får ein ny spelar utvist i 2 min. Trass spel 6-4, klarer likevel Florø å redusere til 17-16, og fleire enn underteikna byrja tru at dette ikkje skal gå vegen likevel. Men no syner jentene litt av moralen som bur i dette laget. Dei vil rett og slett ikkje tape denne kampen. Etter blant anna 2 flotte mål av Tiril S Reed, kan jentene sleppe jubelen laus og gå av bana samstundes som Kristine S Book set inn straffa som GHK fekk idet sluttsignalet gjekk.
Gladjenta Tiril med viktige mål i sluttminutta. |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.