Siger for K5 damene i første kamp!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Okt 2011
Damelaget i 5.divisjon opna sesongen med ein sterk bortesiger mot Syril i kveld. 19-14 vart sluttresultatet, etter knapp 8-7 leiing til pause. Trenar Ragnhild Bakketun Vederhus seier i ein kommentar at dette var ein lagsiger der alle bidrog til sigeren. Spesielt etter pause var jentene gode. Største problemet for damene i kveld var faktisk å finne hallen dei skulle spele i. Ikkje ofte den ligg i tredje etasje i eit kjøpesenter, men det gjer den på Leikanger!!
Glade jenter etter sigeren.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.