Vanskelege kampar for gute og jentelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Mar 2014
Gutelaget til Torbjørn Sælen skal møte den suverene serievinnaren Stryn på heimebane i Trivselshallen på lørdag. Her må nok gutane overgå seg sjølve om det skal verta poeng. Pr no ligg GHK på andreplass, noko som gjev regionssluttspel. Men Eid/Haugen ligg berre poenget bak, og kan med siger over Florø i siste kampen ta plassen frå GHK. Men med siger mot Stryn, er det ingen som kan ta frå GHK plassen i regionssluttspelet på heimebane 5. og 6.April. Diverre er storskårar Sindre Flatjord ikkje med i denne kampen.
Jentelaget får, om mogeleg, ei enno tøffare oppgåve då dei møter serieleiar Førde på bortebane søndag. Her må jentene fokusere på eige spel, og vere "på" heile kampen. Dei har gjennom sesongen synt flott framgong, og er på sitt beste eit bra handballag. Klarer dei å luke vekk ein del av dei enkle feila som ofte vert gjort, kan denne kampen fort bli jevnare enn utgongspunktet skulle tilseie.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.