Full klaff for damelaget mot Dale.
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Des 2013
I ein velspela damekamp i ettermiddag, synte vare damer i 3.divisjon at dei har gløymt forrige helgs tap i Bergen. Til slutt stod det 24-17 i heimelaget sin favør, etter at dei same jentene leia 11-9 til pause.
Dagens beste spelar på heimelaget, keeper Rita Monteiro
Sjølv om det var Dale som starta kampen best, og leia 4-1, kom damene våre sterkt tilbake utover i første omgong. Anført av Ingunn Reikvam Hansen og ei svært god Rita Monteiro i mål, tok GHK over føringa og gjekk til pause med ei tomålsleiing. Utover i andre omgong drog GHK sakte men sikkert ifrå Dale. Flotte mål frå strek av Eli-Anne Birkelund og susande krysskot av kapteinen Irene Slagstad, bidrog til at jentene kunne dra denne sigeren velfortjent i land. Også månadens talent i GHK for november, Ragnhild Ryssdeal, er eit stadig uromoment for eitkvart forsvar.Ein flott siger, der keeper Rita endeleg fekk synt seg skikkeleg fram for eit entusiastisk heimepublikum.
Desse var med: Rita Monteiro, Eli Kristin Arnestad, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(2), Ragnhild Ryssdal(6), Torill Henden Gaasø, Ingvild Slagstad(2), Ingunn R Hansen(6), Eli-Anne Birkelund(4), Lena Fossen, Guro Tennefoss, Line Vereide, Amalie Mundal, Solgunn Reed Lote.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.