Årsbeste av damelaget, trass tap mot Fyllingen
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Nov 2013
GHK sitt damelag i 3.divisjon var ikkje levna store moglegheiter for poeng i dagens kamp mot den suverene serieleiaren Fyllingen 2. Men jentene til trenar Geert Brinkman leverte årsbeste, og var kun nokre enkle feil frå poeng mot topplaget. Sluttresultatet vart 30-27 til Fyllingen, etter uavgjort 14-14 til pause.
Desse jentene laga 16 av måla i dagens kamp. Elise, Amanda og Ragnhild. (Arkivbilete)
Frå Bergen får vi meldt om ein god kamp mellom to gode lag. For GHK sin del, var dette årsbeste, og lovar godt framom morgondagens kamp mot Bergen HK. No må jentene nullstille seg, og levere like bra i morgon.
Desse var med i dag: Benedikte Gåsemyr, Rita Monteiro, Irene Slagstad(2), Elise H Hansen(6), Ragnhild Ryssdal(5), Elisabeth Vollstad, Torill Henden Gaasø(3), Line Vereide, Ingvild Slagstad(1), Ingunn Reikvam Hansen(2), Eli-Anne Birkelund(3), Lena Fossen, Guro Tennefoss, Amanda Veiteberg(5).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.