Bortehelg for GHK

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Nov 2013

Det er klart for ei ny, spanande handballhelg for GHK.  Damelaget skal til Bergen for å møte topplaget Fyllingen 2 på laurdag, medan dei søndag møter tabellnabo Bergen HK.  G18 laget skal til Florø på søndag for å møte heimelaget i Florø Idrettssenter.

Desse tre damene er klare for Bergenstur, Rita, Amanda og Irene

Damelaget i 3.divisjon skal møte det suverene topplaget i divisjonen, Fyllingen 2, i Framohallen laurdag kl. 15.15.  No skal ingenting vere avgjort på førehand, men poeng her vert nok ei nøtt for det unge laget til Geert Brinkman. Men, for å bruke ein gamal klisje, handballen er også rund :) På søndag derimot, møter ein Bergen HK i Landåshallen kl. 14.30.  Her bør absolutt jentene kjenne si besøkjelsestid, og gjere alt dei kan for å få med seg poenga i bussen tilbake til Gloppen.

Vårt G18 lag reiser til kystbyen på søndag, for å møte Florø.  Begge desse laga ligg i botnen av tabellen utan poeng i G20 serien. For GHK sin del, er nok dette ein stor nedtur i høve fjorårets suksess i same serie.  No trur vi vendinga kjem, og reknar med at gutane er innstillt på at poengfangsten skal starte her. 

På mandagskvelden møter vårt J16 lag Førde til kamp i Firdahallen/Storhallen kl. 20.00. Eit Førdelag utan poengtap så langt. Våre jenter står med to sigrar og tre tap, og syner framgong frå kamp til kamp.  Kanskje vert dette ein jamnare kamp enn ein skulle tru?

Vi ynskjer alle laga lukke til.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.