Ny kamphelg
Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Okt 2013
Laurdag er det klart for to spanande seniorkampar i Firdahallen. Først ut er damelaget som møter Stord 2 til 3.divisjonskamp kl. 15.00. Deretter møter herrane Gneist til kamp kl. 16.45, også dette i 3.divisjon. Søndag reiser G16 til Årdal for å møte Årdalstangen/Jotun til kamp der.
Damelaget og Elise Heien Hansen møter Stord 2 på laurdag (Arkivbilete)
Først ut er altså damelaget, som møter Stord 2. Stord 2 kjem frå 5 strake tap, og har fått ein heller laber start på årets seriespel. GHK på si side kjem frå uavgjortkampen mot Stryn, og bør vere lystne på å syne motstandar og publikum at dei kan spele god handball i 60 minutt.
Så skal gutane opp mot Gneist. Eit Gneistlag dei slo i bortekampen i Bergen. Etter onsdagens siger over Stryn, bør iallefall motivasjonen vere på topp. Gneist ligg heilt sist utan poeng, medan GHK har raska til seg 6 poeng så langt. Dette ligg an til heimesiger, men handball er uforutsigbart.
Torbjørn Sælen & co på G16 skal på langtur til Årdal på søndag. Her møter dei eit heimelag so ikkje har spela kamp til no. Såleis er dette ein vanskeleg kamp å tippe resultat i, men gutane har synt framgong frå veke til veke og vil truleg kjempe jevnt med Årdalstangen/Jotun her. GHK har ein siger og eit tap til no.
Vi ynskjer alle laga lukke til med kampane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.