God treningskamp i Firdahallen i kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Aug 2013
Underteikna vil påstå at "old star" laget kunne hevda seg i toppen av 3.div, kanskje midt på treet i 2. divisjon. Såleis lovar det godt at "ungfolane" held kontakt gjennom heile kampen. Kjekt å sjå Magnus Årskog attende i GHK. Med sin venstrearm vil han vere ei klar fortsterkning for H3 laget. Nye i laget er òg dei to førdianarane Preben Indrebø og Håvard Kjønås. Desse to synte at det vert kamp om plassane på G18 laget i år. Trenar Bjørn Roth har eit luksusproblem når han skal komponere lagoppstillinga. Etter kampen spelte GHK ein internkamp over 20 minutt.
Desse var med: Daniel Hj Reed, Runar H Åmot(1), Osmund Vereide(1), Mikael Alander(3), Åsmund Sælen(1), Vegard Sælen(2), Magnus Årskog(4), Bjørn M Nystad(1), Preben Indrebø(2), Håvard Kjønås(2), Ørjan Sundal(7), Sander Nesdal(1), Lauritz Bjørnereim(3), Erlend Ulvestad, Hans Sande
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.