Kontinuitet i GHK styret
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Apr 2013
Under årsmøtet i GHK i kveld, vart Øystein Sundal attvald for som leiar for nok eit år. Med eit unntak, får han med seg heile det gamle styret inn i ein ny periode.
Ragnhild Bruvoll hadde sagt frå seg attval, og i hennar stad kom Norunn Sunde inn i styret. Nye folk i økonominemnda er Magne Devik og Merete Sælen, og som ny revisor er Kari Anne Slagstad komen inn. Ellers var det eit roleg årsmøte der årsmelding, rekneskap og budsjett vart godkjent av møtelyden, før ein gjekk over til meir uformell diskusjon rundt handballklubben.
Årsmeldinga finn ein her Årsmelding 2013
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.