Stimulanseprisen til Daniel og Ørjan
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2013
Gloppen Idrettsråd deler kvart år ut ein stimulansepris til lovande talent innan alle idrettar. I år gjekk prisen til to av GHK sine store talent, Daniel Hjolhman Reed og Ørjan Horne Sundal. Prisen vart delt ut av leiar i GIR Sigtor Tveit, i samband med G18 kampen mot Sotra i kveld.
Glade prisvinnarar saman med leiar i idrettsrådet, Sigtor Tveit. Bak står glade lagkameratar.
Dei to karane får prisen for sine prestasjonar både for klubblag (G18 og seniorlag), og for at dei også er inne på regionslaget for Hordaland og Sogn &Fj. I tillegg er begge med på regionale landslagssamlingar. I grunngjevinga får dei også ros for sin treningsvilje, og sin medvitne satsing for å bli best mogeleg innan idretten sin. GHK er svært stolte av at to av våre gutar har fått årets pris, og vi gratulerer begge så mykje.Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.