Tap for jente15 laget mot Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2013
Før dagens kamp var håpet om poeng tilstades. GHK og Dale har omtrent like mange poeng, og skulle såleis stå godt til kvarandre. Og det vart ein jevn kamp stort sett heile vegen. Men Dale har ein svært god høgreback i Kjerstin Boge Solås. Ho vart den avgjerande faktoren, då Dale drog ifrå mot slutten. Ho skåra akkurat halvparten av Dale sine mål, og er ein svert spanande spelar på dette nivået. På heimelaget var skåringane fordelt på mange, og gjev med det ein peikepinn på at dette var ein kamp på det jevne for GHK sin del der alle var bra, men ikkje opp mot sitt beste.
Desse var med: Eli Kristinb Arnestad, Solgunn Lote(2), Linda Årdal, Susann Solheim Gjærløv(2), Oda Eide, Sile Iren Hole Hervik(1), Frøydis Seime Øygard(2), Julie Varpe(2), Maria Kvamme(2), Jenny Falck.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.