3 GHK lag i aksjon denne helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2013
Det er snart helg, og det tyder som regel kamp for GHK sin del. Komande helg skal J15 laget til Jostein møte både Dale og Stryn. Dale på heimebane laurdag, medan kampen mot Stryn går i Stryn på søndag. G18 skal møte tabelljumbo Sotra i Firdahallen på laurdag, medan K5 damene skal på langtur til Aurland på søndag.
Jente 15 laget overraska med uavgjort mot Haugen sist helg. Då var svært godt forsvarsspel nøkkelen til poeng. Klarer dei det same mot Dale på laurdag, bør utsiktene til to poeng vere gode. Det jentene slit litt med enno, er etablert angrepsspel. Klarer dei å få litt meir trykk mot mål, og endå fleire avslutningar frå distanse kjem dette laget til å ta fleire poeng i årets sesong. På søndag skal dei til Stryn for å møte heimelaget der. Dette er i utganspunktet ein vanskeleg kamp, men det trudde vi i kampen mot Haugen og. Difor skal ein gå på bana der inne med tanke på at dette er mogeleg.
Vårt strålande G18 lag skal endeleg i kamp att. Dei er sålangt ubesigra, og har vunne alle kampane. No møter dei Sotra, som sålangt står utan poeng i botnen av tabellen. Det som er greia med kampen i Firdahallen på laurdag, er at 94 modellane er vekke på tur og sentrale Vegard Sælen er ute med skade. Såleis vert det eit reint G17 lag med fleire 16 åringar på laget som møter til kamp. Korleis dette vil slå ut resultatmessig gjennstår å sjå, men uansett skal dette laget vere godt nok til å gje Sotra kamp til døra. I forkant av denne kampen vil det vere ei overrasking for dei som møter opp i Firdahallen på laurdag.
Dei glade K5 damene skal til Aurland for å møte heimelaget der på søndag. Aurland er tabelljumbo, og bør vere ein overkomeleg motstandar for våre jenter. No er også dette laget råka av forfall til denne kampen, så her er ikkje poenga i boks før kampen er ferdigspela. Sjølv om GHK ligg på tredjeplass i 5.div, er det dei som ligg best an til opprykk til 4.div. Dette fordi både Sogndal og Florø sine andrelag som ligg før GHK på tabellen ikkje kan rykke opp då deira førstelag ikkje ligg an til opprykk frå 4.div. Så her er det berre å gje gass, jenter :-)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.