Strålande kamp av jentelaget, uavgjort mot Haugen
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2013
GHK sitt jente15 lag spela i ettermiddag uavgjort 15-15 mot Haugen. Haugen har 8 poeng meir enn våre jenter på tabellen, men i dag var våre jenter minst like gode som rivalane frå nordsida av Nordfjorden.
Nok ein strålande kamp av denne gjengen |
Først og fremst var det gjennom svært godt forsvarsspel at grunnlaget for poenget vart lagt. I dag gnistra det av jentene, og i store delar av kampen var GHK i føringa. Anført av toppskårar Susann Solheim synte dei ingen respekt for gjestane frå Haugen. Først heilt mot slutten var Haugen i føringa, men ei skåring av Linda Årdal i siste minutt redda poenget og jubelen kunne sleppast laus. Den dagen desse jentene får meir trykk mot mål i angrepsspelet sitt, vert dei vanskelege å slå. Og kjenner vi trenar Jostein Ryssdal rett, vil dette terpast på under treningane framover.
Desse var med: Eli Kristin Arnestad, Solgunn Lote(2), Linda Årdal(3), Susann Solheim Gjærløv(5), Oda Eide, Silje Iren Hole Hervik(2), Frøydis Seime Øygard(2), Julie Varpe(1), Jenny Falck.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.