Tap i toppkampen
Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Feb 2013
Etter ein jevn start på kampen der laga følgde kvarandre i målprotokollen, drog Kjøkkelvik sakte ifrå med 3-4 mål. Men GHK var heile tida med i kampen, og både Jan Kristoffer og Edvin hadde fleire flotte mål i denne perioden. Så kjem den episoden som underteikna trur avgjorde kampen. Kjøkkelvik får ei 2 min utvisning, men vinn likevel denne perioden 2-0. Derifrå aukar dei inn mot pauseresultatet 18-11.
GHK får ein god start på andre omgong og har kontakt med 3 mål bak på stillinga 23-20. Men Kjøkkelvik har ein gamal ringrev i Jarle Rykkje. Kanspelaren hadde fleire avgjerande mål i andre omgong. For GHK sin del, var dei før nemnde karane sentrale, men også Runar Gåsemyr hadde fleire flotte mål. Paul Remi Kvandal kom inn i målet i andre omgong og stod svært bra.
Desse var med: Daniel Reed, Ole M Flatjord(1), Arild Tystad(1), Jan Sletteland(7), Andreas Kissner(1), Åsmund Sælen, Runar Gåsemyr(4), Edvin Øygard(8), Bjørn Nystad(2), Paul R Kvandal, Alex Moritsgård(1), Jan K Lundestad, Ørjan Sundal(1)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.