Damelaget med viktig siger
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Feb 2013
Damelaget vann i dag 20-19 over Årstad i Haukelandshallen. Etter gårsdagens leie tap for Os, var det kun siger som var godt nok i dag.
Marte har lada kanona (foto:Wim Hetland)
Og jentene til Kjell gjorde jobben. Frå start var det vilje til å kjempe for poenga. Utover i første omgong fekk vi sjå fleire flotte kombinasjoner. Godt likte vi vingavslutningane til Ingvild Slagstad, som gong på gong lurte ballen inn i korthjørnet.
Ingvild med eit av sine mål frå kant. (foto:Wim Hetland)
Men også venstreslegga til Marte H Hansen, fekk målnettet til å stå i boge kvar gong ho traff mellom stengene. GHK gjekk til pause med ei tremålsleiing. I andre omgong held jentene stort sett avstanden til Årstad, og var oppe i 20-15 leiing. Mot slutten kom Årstad farleg nær i målprotokollen, men jentene reid stormen av og kunne, saman med eit tallrikt Gloppepublikum på tribuna, juble over to svært viktige poeng. Neste helg ventar heimekamp mot NHHI.
Kjell gir sine instrukser i ein timeout. (foto:Wim Hetland)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.