Tap og siger i Bergen
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2013
Damelaget i 3.div gjekk på eit nytt knepe tap, då dei tapte 30-28 mot Os2. GHK lag bak med 5 og 6 mål gjennom heile kampen, men var oppe på uavgjort 27-27 rett før slutt. Men det heldt ikkje heilt inn, diverre.
G18 laget derimot, slo Sotra 27-25 og er framleis ubesigra. Men Sotra slit med å stille reint G18 lag, så i dag var det faktisk eit lag av mest seniorspelara vi møtte. Kun 3 spelarar held G18 alder. Så poenga hadde vi fått uansett, men det var likevel ein fin siger til gutane våre. Vegard Sælen og Runar Gåsemyr vart mestskårande med 6 mål kvar, medan Ørjan Sundal stoppa på 5.
Glade gutar etter kveldens kamp
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.