Bergenshelg for GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Jan 2013
Komande helg reiser store delar av GHK familien til Bergen. Gutar 18 skal endeleg i elden att, og møter Sotra i Bildøyhallen på laurdag. Herrelaget i 3.div møter tabelleiar Viking 2 i Haukelandshallen på søndag. Damelaget i 3.div skal ha dobbelkamp og møter først Os 2 i Os Idrettshall på laurdag, før dei skal møte Årstad 2 i Haukelandshallen på søndag.
Desse glade gutane på GHK sitt G18 lag, skal møte Sotra på laurdag. (Bilde etter sigeren over Stord Elite på bortebane) |
GHK sitt gode 18 årslag, skal altso møte Sotra på bortebane. GHK leiar serien etter 3 strake sigrar over "tøff" motstand. No møter dei botnlaget i ein kamp som gutane våre bør vinne. No er det omlag 3 månader sidan siste kamp for GHK, så det knyter seg ei viss spaning til om dei gode taktene frå i haust framleis sit i dette laget. Dei fleste av dei har spela kampar for herrelaget eller G16 i mellomtida, så vi er vel ikkje svært bekymra for kampforma. Men vi har fleire dømer i den seinare tid at alle kampar lever sitt eige liv, så siger på forskot kan ein aldri rekne med.
Damelaget i 3.div skal møte lag som ligg rundt dei på tabellen, og møter såleis overkomeleg motstand. Os 2 synte "musklar" forrige helg då dei slo tabelltopp Voss på heimebane, og er dette ein peikepinn på deira form no vil damene våre truleg måtte ta fram det beste for å ta poeng. Vår nye tilvekst på spelarsida, Sintija Teicane frå Latvia, vil truleg debutere her. På søndag ventar truleg ei lettare oppgåve, då Årstad 2 er motstandar. Årstad kjem frå eit stortap borte mot Askøy, og her må damene til trenar Kjell verkelg trå til for å sikre to verdifulle poeng. Noko vi tru dei gjer :)
Herrelaget skal ut i ein ekte toppkamp på søndag. 4 lag kjempar pr i dag om opprykk i denne divisjonen. Viking 2 leiar, tett følgd av Kjøkkelvik, GHK og Os. GHK møter no topplaget Viking 2 i Haukelandshallen. Det er ikkje meir enn ein månad sidan det omvende oppgjeret i Firdahallen, der GHK storspelte og vann 30-20. Om GHK karane klarer å hente fram same spel i forsvar og angrep som i den kampen, kan ein håpe om to nye poeng og tabelltopp. Viking 2 avga 1 poeng i siste kamp no i veka, etter uavgjort mot Os. Dette vert nok ei "gysare" er eg redd for :)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.