Dei unge si kamphelg

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Jan 2013

Denne helga er det GHK sitt 16 års gutelag, og 15 års jentelag som skal forsvare dei raude fargane.  Gutane skal møte Årdalstangen 1 og 2 til dobbelkamp i Firdahallen på søndag, medan jentelaget skal til Stryn for å møte heimelaget sitt andrelag der.

GHK sitt 15 årslag for jenter skal til Stryn på laurdag

J 15 fekk ein skikkeleg opptur sist helg då dei slo Skavøypoll på heimebane.  No ventar bortekamp mot Stryn sine nestbeste jenter.  I heimekampen vann jentene våre 8-4 over dette Strynelaget.  Klarer dei å syne like bra forsvarsspel som sist, trur vi jentene til Jostein kan klare å få med seg to nye poeng tilbake over Utvikfjellet.  På tabellen ligg desse laga likt plassert, men GHK jentene har to kampar tilgode.

GHK sitt gutelag skal møte Årdalstangen sine to lag på søndag. GHK leiar denne serien, og er nok favorittar på heimebane.  Årdalstangen 2 ligg hakk i hel, og vert venteleg den tøffaste kampen for Torbjørn sitt mannskap.  På heimelaget vert det meldt om litt skadeproblem i forkant av kampane.  Strategen Erlend Ulvestad er usikker, samt at nokre andre også slit med mindre skader.  Likevel håper og trur vi eit godt trena heimelag kan hamle opp mot sogningane, og ta nye poeng. Men, som sagt, Årdalstangen 2 vert ei hard nøtt å knekke.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.