Hans Sande utteken på landslaget i vektløfting
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2013
Etter å ha debutert på GHK sitt herrelag i handball med 2 mål på laurdag, kom i dag beskjeden om at allsidige Hans Sande er teken ut på landslaget i vektløfting. Landslaget skal møte Sverige og England, i Sverige, i februar. Hans er eit godt eksempel på at med mykje, og riktig trening, kan ein nå langt i fleire idrettsgreiner, samt lukkast svært godt i ei spesialgrein. GHK gratulerer så mykje med uttaket og ynskjer lukke til i landskampen.
Hans Sande er eit stortalent både i handball og vektløfting. (bilde frå kamp mot Eid/Haugen) |
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.