Kamphelg i Firdahallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 20. Sep 2012
Herrelaget er "steinklar" til helgas kamp
Første kamp ut i helga er damekampen i 3.divisjon mellom GHK og Askøy. Askøy kjem frå ein sterk bortesiger over Voss, medan GHK damene som kjent tapte knepent for Dale på bortebane. Her vil nok damene til Kjell gjere alt for å heve seg nokre hakk frå forrige helg, og vi reknar med at dei er innstilt på å sende bergensarane heim med minst mogeleg poeng.
Herrelaget spelar sin første kamp mot Kjøkkelvik etter damekampen på laurdag. Bjørn har hatt ei kjempegod oppkøyring med laget sitt til årets sesong, og det er knytta store voner til at laget vert å finne i teten dette året. Nokre er vekk frå fjorårets lag, men nye gode er komt til. Siste forsterkning er Jan Kristoffer Sletteland frå Bergen Handballklubb. Jan går på skule i Sogndal, og er ein spanande og god spelar. Han er ikkje speleklar til denne kampen. Det er derimot Florø sin Runar Helland Åmot. Vert spanande å sjå om han får sin debut i GHK trøya. Ellers mønstrar GHK ein stor, brei og god spelarstall.
Guter 16 får også sin sesongdebut i helga når dei møter Florø på heimebane søndag. Her er komt opp ein ny årgang med mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil syne att på handballbana i årets sesong. I lag med litt meir rutinerte karar som Erlend Ulvestad, Mikael Alander & co, trur vi evigunge Torbjørn Sælen kan mønstre eit slagkraftig lag utover i sesongen. Kva nivå dei andre lage i serien er på, er vi usikre til. Venteleg vil Årdal ha eit brukbart lag, og Førdegutane har fått eit nytt år på seg frå i fjor. Kanskje også Florø kan overraske??
Uansett, vi ynskjer laga våre lukke til med kampane.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.