Ventetida er slutt!! På lørdag er det klart for storkamp i Firdahallen.
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2012
Komande lørdag er det duka for storkamp og lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon, når topplaget Førde kjem på besøk og skal måle krefter med dei "topptrimma" damene til Øyvind Indrebø. Her er det berre å benke seg på tribuna i Firdahallen og glede seg til ein, forhåpentlegvis, sjåverdig og spanande kamp.
Klarer Øyvind å få damene til å kople inn turboen på lørdag? |
Men det er fleire GHK lag som skal i elden denne helga. Dei som får det mest travelt er jente 15 laget. Dei skal spele heile 3 kampar denne helga. På laurdag skal dei til Høyanger for å møte heimelaget der. Eit heimelag som ligg 2 poeng føre på tabellen. Med full tenning bør ein kunne klare poeng her, men det er ein vanskeleg kamp. På søndag skal jentene møte Askvoll/Holmedal 1 og 2. Førstelaget til A/H er eit av topplaga, men heimebane og "full trøkk" i hallen bør vere eit godt utgangspunkt for heimepoeng. Heimepoeng bør det også bli i kampen mot dei nestbeste frå kystbygda litt seinare på dag. Ingvild Slagstad & Co får som sagt ei travel helg, men på sitt beste kan desse jentene ta poeng frå alle lag så det vert spanande å sjå kva dei får til.
Jente 16 laget skal møte eit av topplaga i sin serie, då Fjalerlaget Dale kjem på besøk på søndag. Jentene våre har som kjent vore sterkt plaga av skader i lang tid, og resultata har diverre vore prega av det. Sjølv om fleire fortsatt slit med å bli heilt friske, er stemninga i laget god og innstillinga søndag er nok å gje Dale kamp til døra, så får tida syne om det er godt nok til 2 kjærkomne poeng.
Gutelaget til GHK tar imot Førde til kamp på søndag. Dette er eit lag gutane våre bør og skal slå, om dei har ambisjonar om å vinne serien. Òg det veit vi at desse gutane vil. Her vil nok Torbjørn og Gunnar forklare sine elevar kva som må til for å legge 2 nye poeng i heimesekken.
Ei flott handballhelg bør det iallefall bli for dei som likar denne sporten.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.