RUM samling i Førde
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Okt 2011
10 gutar og jenter frå GHK var i dag på RUM (Regionalt Utviklings Miljø) samling i Førde. Ansvarleg for samlinga var NHF Region Vest ved Rune Kristiansen/Geir Giil for gutane og Andreas Berntsen for jentene.
Full konsentrasjon når gutane vert instruert i kva dagen vil bringe.
Med frå GHK var Erlend Ulvestad, Mikael Alander, Magnus Andre Morritsgård og Sander Nesdal frå 96 årgangen. Frå 95 modellane var desse med: Vegard Sælen, Ørjan Sundal, Evald Devik og Osmund Vereide.
Vegard Sælen fyrer av skotarmen.
Jentene i GHK var representert av Ingvild Slagstad frå 96 årgangen, og Elise Heien Hansen frå 95. Alle som representerte GHK gjorde sine saker framifrå, spesielt kjekt var det å sjå at dei som var på samling for fyrste gong ikkje stod med hua i handa men tok tak mot meir etablerte spelarar.
Elise Heien Hansen testar skotarmen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.