GHK sitt K3 lag slo G16 også i kveld
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Sep 2011
Etter tapet i forrige treningskamp for ei veke sidan, var det revansjelystne gutar som skulle slå tilbake mot det gode damelaget til GHK. Slik gjekk det ikkje. Damene var sterkast også i kveldens kamp og vann 31-26, etter 15-13 til pause
Kampen som sådan var jevn heile vegen til det gjennstod 5 min. Då drog damelaget ifrå. Det som også skilde dei to laga var balltempoet som var mykje større hos damene, i tillegg til for mange personlege feil hos gutane.
Mestskårande i kveldens kamp var for damene sin del Ingrid Gimmestad og Eli Anne Birkelund med 8 mål kvar. Hos gutane skåra Byrkjelo sin store son, Andreas Kleppe 7 mål, medan Osmund Vereide stoppa på 4.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.