KRONEKAMP H3: Gloppen - Førde/Dale

KRONEKAMP H3: Gloppen - Førde/Dale


Tid


Velkommen til kronekamp!

Vi gjer klar til handballfest i hallen laurdag kl 16, og inviterer alle som har høve til å stille på i publikum. Bedrifter og privatpersonar har betalt for billetten til alle som kjem på kamp, og har sjølve valt eit kronebeløp å støtte med per tilskodar. 

Jo fleire som kjem på kampen, jo meir pengar får klubben inn til å drive aktivitet. Det vil seie at her kan du støtte klubben ved å berre møte opp, heilt gratis! I tillegg er det svært viktig å hjelpe herrane til seier i deira viktige kamp mot Førde/Dale.

Herrane har hatt hatt ein sesongstart med godt spel men mykje stang ut. Når vi møtte Førde/Dale i sesongåpninga i Fjalerhallen vart det ein triller, der heimelaget Førde/Dale trakk det lengste strået til slutt. 

Denne gangen skal våre herrar prøve å revansjere tapet!
Møt opp, støtt laget og klubben! 

VELKOMMEN til kampdag! Vi håpar å sjå deg, og heile slekta i hallen! 


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.